Dette er utstyret eg basert på eiga erfaring kan anbefale til bruk på reinsjakt. Vekt på utstyr, ca 7,3 kg. Mat for 4 dagar, 3,4 kg. Komplett vekt på oppakning med mat, ca 10,7 kg. Rifle inklusive kikkertsikte, 3,3 kg. Med so lett oppakning får du ei heilt anna jaktoppleving.

Ryggsekk

Stone Glacier EVO 40/56. 92. liter. 2013 gram. Dette er den delen av utstyret eg har spart mest vekt på. Stone Glacier sekkene er sannsynlegvis dei lettaste sekkane på marknaden som kan takle ei tung kjøtbør.  I tillegg er dei veldig funksjonelle til jakt. Du kan lese meir om sekkene her.

Telt

Stone Glacier, Skyscraper. Tomannstelt på 1928 gram. Er de to som jaktar i lag blir det under kiloen på kvar i telt. Til forskjell frå mange andre lettveksttelt, er Skyscraper eit 4-sesong telt som tåler mykje vind og snø. Kjekk eigenskap spesielt i slutten av reinsjakta. Teltet har relativt god innvendigv høgde. To inngangar og to fortelt. Gjennomført Stone Glacier kvalitet.

Sovepose

Stone Glacier Chilkoot 15 dunsovepose med komforttemperatur -6 grader og hydrofobisk 850+ fillpower høgkvalitetsdun. 992 gram. Held deg god og varm sjølv på dei kaldare nettene i slutten av reinsjakta. Bruk av hydrofobisk dun gjer at soveposen tåler ein god del fuktigheit før den klappar saman. Relativt romsleg passform, slik at det går greit å snu seg rundt i posen i løpet av natta. 

Liggeunderlag

Thermarest Neo Air Xlite. 350 gram. Med 6.3 cm luft mellom deg og bakken ligg du komfortabelt. Tek liten plass i sekken. Liggeunderlaget er litt smalt og stoffet bråker når ein snur seg. I ein test av liggeunderlag i bladet Ute har Exped synmat hyperlite M komme best ut.

Kokeutstyr

Gassbrennar

MSR Pocket Rocket. 87 gram. Svært rask koketid. I ein test av lette brennere i bladet Ute kom Primus Express Stove Ti best ut. Den bruker litt mindre gass, har piezotenner og er 5 gram lettare. Med konsentrert  flamme egner brennerane seg best til å koke opp vatn. Mindre eigna til gryter og steikepanner.

Kjele

Evernew deep pot. 95 gram.  Om du har ein aluminiumskjele frå eit stormkjøken er det eit bra alternativ. 

Gassboks

230 gram gass inkl. boks. Ca 450 gram. Held til koking av ca. 15 liter vatn.

Kikkert

Swarovski 10x25 pocket. 300 gram. Utgått modell. Erstatta av Swarovski CL 10x25 pocket som er 50 gram tyngre. Fungerer svært godt. Skal du ha ein kikkert som er betydeleg bedre må du gange vekta med tre. 

Kniv

Brusletto Sprettern. 94 gram.

Jaktradio

Icom F34 med ekstra batteri.  440 gram. Ikkje vanntett og heller ikkje spesielt lett. Her er det muleg å finne lettare alternativ.

Dunjakke

Stone Glacier Grumman gåsedunjakke. 335 gram. God å ha på seg når du skal ta ein matpause eller sitte i ro og speide. Impregnert Pertex ytterstoff og hydrofobisk dun gjer at jakka tåler ein del fuktigheit før den klapper sammen. Til forskjell frå mange andre dunjakker er jakka laga i duse gråtoner som gjer at den har veldig god kamuflasjeeffekt i høgfjellet.

Ekstra klesskift, lue og hansker

Total vekt ca 550 gram. Ull er suverent. Komfortabelt å ha under skallbekledningen.

Fyrstehjelpsutstyr

Enkeltmannspakke.  Ca 100 gram.

Diverse

Ca. 500 gram.

Mat

Havregryn, knekkebrød, salt pølse, turka kjøt, hard ost, Real turmat, nøtter og sjokolade gjev mykje energi pr. gram. Det er individuelt kor mykje mat ein treng. Ein tommelfingerregel er ca 800 gram per dag. 

Rifle

Tikka T3 lite (2,8 kg) med Swarovski Z3 3-10x42 kikkertsikte (360 gram). Total vekt med fester og skulderem: 3,3 kg. Utruleg fornøgd med den. Svært god presisjon. Kikkertsiktet er det desidert lettaste eg har klart å finne i 3-10x42. Meget godt fornøgd med det også. Fantastisk god optikk.

Det er nok mulig å spare litt vekt på rifla. F.eks. bruke Sako Carbonlight, som startar på 2.4 kg i minste størrelse. Det er også mulig å spare litt på festene til kikkerten. Men eg fulgte rådet til børsemakeren og gikk for solid stål der. Greit at siktet er inne sjølv om rifla har teke litt juling.

 

God tur!